Om Ornes Båtbyggeri |
|
Ornes Båtbyggeri er einaste industriarbeidsplassen i bygda,og har 10 tilsette. Vi er godkjent opplæringsbedrift. Det er grunn til å tru at båtbyggartradisjonen i bygdene ved Lustrafjorden skriv seg frå fleire hundre år attende i tida. Soleis var Øyvind Hatlevoll og Harald Kvalen med på å føre vidare ein gammal tradisjon då dei i 1975 etablerte Ornes Båtbyggeri. Skepsisen var stor, men verksemda har gjort alle dystre spådommar til skamme. Målet den gong var å produsere småbåtar i tre etter tradisjonell teknikk og med utgangspunkt i lokale tradisjonar. Seinare har den vesle bedrifta teke steg for steg, frå robåtar til snekker, - til ein i dag kan ta imot oppdrag på fartøy inntil 30 meter. I 1996 vart verksemda utbygd med m.a. ein ny stålhall for fartøy opp til 25 meter. Frå hausten 2010 tilbyr me BUNKRING; Pr. idag Tilgangen på ordrar er god, og ein lyt ofte leige inn ekstra arbeidskraft til større jobbar. I periodar kan det vere 14 - 15 arbeidarar i sving på båtbyggeriet. Under ein brann i august 2005 gjekk m.a. ein lagerbygning tapt. I samband med gjenreisinga har Ornes Båtbyggeri gjennomført ei skikkeleg oppgradering av heile anlegget. Ein ny stålhall gir rom for maskinverkstad, småbåtar og kontor/personalrom. Kaien er og blitt betydeleg forlenga og gir plass for fleire fartøy. |