Om Ornes Båtbyggeri

Ornes Båtbyggeri er einaste industriarbeidsplassen i bygda,og har 10 tilsette. Vi er godkjent opplæringsbedrift.
Dagleg leiar er Øyvind Hatlevoll, som var med å starte opp verksemda.

Det er grunn til å tru at båtbyggartradisjonen i bygdene ved Lustrafjorden skriv seg frå fleire hundre år attende i tida. Soleis var Øyvind Hatlevoll og Harald Kvalen med på å føre vidare ein gammal tradisjon då dei i 1975 etablerte Ornes Båtbyggeri. Skepsisen var stor, men verksemda har gjort alle dystre spådommar til skamme.

Målet den gong var å produsere småbåtar i tre etter tradisjonell teknikk og med utgangspunkt i lokale tradisjonar. Seinare har den vesle bedrifta teke steg for steg, frå robåtar til snekker, - til ein i dag kan ta imot oppdrag på fartøy inntil 30 meter. I 1996 vart verksemda utbygd med m.a. ein ny stålhall for fartøy opp til 25 meter.
I januar 2009 tok me i bruk ny båthall, bygd etter nye miljøforskrifter med oppsamling i grovfilter og oljeutskillar.

Frå sommaren 2012 har me tilbydd BUNKRING, sal av diesel og fylling av vatn.

Marknaden er i hovudsak fiskebåtar, fritidsbåtar og mindre cruisefartøy. Kundane kjem frå heile landet.
Vi tek mot fartøy for SERTIFISERING, og har samarbeid med Maritim Kompetanse Grete Bugge, som tilbyr utvikling av sikkerheitsstyringssystem, brann-og sikkerheitsplanar, nødinstruksar, teikningar m.m.

Vi har og tilbod om VINTERLAGRING og VÅRPUSS.

Tilgangen på ordrar er god, og ein lyt ofte leige inn ekstra arbeidskraft til større jobbar. I periodar kan det vere 14 - 15 arbeidarar i sving på båtbyggeriet.

Under ein brann i august 2005 gjekk m.a. ein lagerbygning tapt. I samband med gjenreisinga har Ornes Båtbyggeri gjennomført ei skikkeleg oppgradering av heile anlegget. Ein ny stålhall gir rom for maskinverkstad, småbåtar og kontor/personalrom. Kaien er og blitt betydeleg forlenga og gir plass for fleire fartøy.