Prosjekter |
|
Vikingskip scene til Bergen Vinteren 2004 / våren 2005 arbeidde vi med eit spennande prosjekt for 17.mai komiteen i Bergen; ei mobil scene med eit halvt osebergskip i front. Vikingskipscenen vart døypt på Festplassen den 13.mai 2005, og hadde sin "jomfrutur" 17.mai. Skipet vart døypt Olav Kyrre, og skal kaste glans over 17.mai feiringa til bergensarane i mange tiår framover. VIKINGSKIP Ornes Båtbyggeri bygde i 2003 eit vikingskip på oppdrag frå eit museum i Japan,Michinoku Traditional Wooden Museum,(www.mtwbm), som har trebåttypar frå heile verda i samlinga si.
Det vart bygd etter teikningar av Osebergskipet og i full storleik, 21,5 meter langt. Breidde og høgd ca. 5 meter. Laurdag 25.oktober 2003 vart skipet sjøsett. 30 "vikingar" rodde skipet på Lusterfjorden til ære for japanske og andre gjester, og "småvikingar" frå Solvorn skule kaste glans over seremonien. Seremonien vart filma av japanske og norske film-team. I mai 2004 vart skipet frakta med båt til Japan. |
