Velkommen til Ornes Båtbyggeri AS!

Eit tradisjonelt båtbyggeri innst i Sognefjorden, med kundar frå heile landet, og med fagkunnskap innanfor tre og aluminium som hovudfelt. Vi løyser dei fleste arbeidsoppgåver innan nybygg og reparasjon av fartøy i tre, aluminium, stål og plast. 
Båtane vert bygd på bestilling etter kunden sitt ønskje. 
Januar 2009 tok me i bruk ny båthall, bygd etter nye miljøforskrifter med oppsamling i grovfilter og oljeutskillar.

Me tilbyr  BUNKRING, sal av diesel (pumpe med kortautomat) og fylling av vatn.

I den nye, oppvarma båthallen kan me ta inn båtar opp til 50 fot og 30 tonn, i slipphallen båtar opp til 30 meter og 100 tonn. Me  tilbyr nybygg, ombygging, reparasjon og vedlikehald av innreiing, restaurering, legging av teakdekk, montering av motor og anna utstyr, motor service, glassfiber reparasjon og bygging i sandwich, lakkering, reparasjon etter grunnstøytingar, bytting av ror, for å nemne nokre.

Krankapasitet 4 tonn.